Prisar for tannregulering

Våre prisar var basert på offentlege takstar, men sidan helsedirektoratet har satt ned dei offentlege takstane er våre prisar no ca 30% høgare for dei fleste behandlingane.

Undersøking for å finna ut om ein treng regulering vil normalt koste.

#Takst Tekst Honorar Refusjon Eigendel
A2 Undersøking hos spesialist 937 385 552
804 Panoramarøntgen 447 215 232
Sum 784

Dersom ein skal starte med regulering er det nødvendig med ein meir omfattande undersøking, både for planlegging og som dokumentasjon for Helfo.

Dette vil til vanleg omfatta:

#Takst Tekst Honorar Refusjon Eigendel
806 Skallerøntgen 601.- 290.- 311.-
802 Tannrøntgen, per bilde 52.- 25.- 27.-
704 Pasientfoto, per bilde 30.- 40-60-75-90% av 25.-
703 Sokkla studiemodell, per sett 1014.- 40-60-75-90%
av: 420.-
OBS: For å få refusjon frå trygdekassen ( Helfo ) må pasienten ha henvising frå tannklinikken med seg og behandlinga må starte seinast det året ein fyller 20.

Behandling

Prisen for ei regulering er avhengig av kor omfattande behandlinga er og vil variera mykje. Etter våre takstar i 2022 vil prisane vera om lag slik:

  • Innleiande behandling med plate: 10.000.- - 14.000.-
  • Behandling med fast apparatur i ein kjeve: 17.000.- - 21.000.-
  • Behandling med fast apparatur i begge kjevane: 33.000.- - 37.000.-

Enkelte behanlingar er svært omfattande med mykje dyrt utstyr og kan kosta meir enn 37.000.-
Trygda (Helfo) dekker 40 eller 75% av offentleg takst for 1. barn i familien og 60 eller 90% for resten av barna dersom dei fyller krava for å få refusjon.

Helsedirektoratet har redusert offentlige takster de siste årene, slik at dei no er ca. 30% lavare enn våre prisar. Det blir derfor ein ekstra eigendel på 30% som det ikkje blir gjeve refusjon for.
Nokre f.eks pasientar med ganespalte får dekka 100% av offentleg takst.
Trygda betalar refusjonen direkte til oss. Dekking av reiseutgifter må ein henta sjølv, her treng ein oversikt over behandlingane frå oss og må hugsa på at det er 6 mnd. foreldingstid.

Utførlege reglar fin du på linken under:

Folketrygdens stønad til dekning avutgifter til tannbehandling for 2022

Sist oppdatert : 01.01.2022